Om meg

Eg heiter Kristin Straume og bur på Dale, mellom Bergen og Voss.  Eg har alltid likt å skriva og dela dikt og tankar. Sidan 2017 har eg under brukarnamnet @berrekristin delt dikt på Instagram, skrivne for hand på linjeark. 

Ved å gjera det slik, trur eg tekstane vert ekstra nære og personlege, sjølv om ikkje alle handlar om meg. Eg skriv for å få ut og bearbeida eigne kjensler og tankar, og eg skriv for å hjelpa andre å setja ord på deira greier. 

Sidan 2019 har eg seld bøker og produkt med dikta mine, med mi handskrift. Det har vore spennande prosessar, og eg har gjort det meste sjølv. Både kjekt og skummelt! 

Sånn elles er eg både mamma, kone, storesyster, bondedotter og tante, blant anna. Eg er utdanna lærar, og har nyleg tatt utdanning som gestaltveileder. Eg kan vera både vimsete og bekymra, roleg og trygg. Altså er eg eit ganske normalt menneske ;)